Time Travelled — almost 6 years

Hei Gunhild! Kor gammal e du no??? :p

Apr 14, 2004 Apr 14, 2010

Peaceful right?

Dei våte føtene 20.03.04 Ho kunne ikkje gjere anna enn å sjå seg sjølv i spegelen. Kinna var raude. Håret stod til alle kantar, det var ikkje slik det var før. Ho var ikkje slik ho var før. Huda var glatt og silkemjuk, andletet var snilt og uskyldig. Men ho var ikkje slik ho var før. Ho stod på baderomsgolvet, naken. Kun ei lita kvit truse satt fast mot huda hennar. Ho fraus ikkje. Føtene hennar var våte. Ikkje kalde, men våte. Ho stod der, kikka på seg sjølv, mens tankane var heilt andre plassar. Så mykje å tenke på at augo hadde mista all gnist. Så mykje å bekymre seg over at augo såg svarte ut. Dei himmelblå augo hadde skifta farge. Dei var ikkje slik dei var før. Dei raude kinna, bleikna. Det same gjorde resten av kroppen òg. Den mista heile glansen, huda blei tørr og hard. Føtene blei våtare. Ho snudde seg ikkje vekk. Blei ståande, stirrande mot spegelen. Mot sitt eige bilete. Mot sin eigen kropp som skreik av sinne. Som skreik av full hals at, no var det nok. Og mens kroppen skreik, sa det ”drypp drypp” mot føtene. Tankane hennar kunne ingen stoppe. Dei var så grufulle, dei var så einsame. Men ingen kunne stoppe dei. Ingen. Dei var kun hennar. Ho kunne ikkje stoppe dei. Ho stod mot spegelen, men såg mindre og mindre. Det fuktige i lufta gjorde at ho kun såg tåka. Ho tok seg i andletet med hendene, men kunne ikkje kjenne varmen lenger. Kun dei våte kinna, dei bleike kinna. Ho var ikkje slik ho var før. Ho visste det, ho kjente det. Ho stod med lukka auger lenge, før ho opna dei. Før ho prøvde å sjå livet på ny. Men rommet var like tåkete, kinna var like fuktige, kroppen var like bleik, håret var like rufsete og føtene var våte. Slik ville det vere. Alltid. Glaset som hadde stått ved sida av vasken, var i høgrehanda hennar. Uredd løfta ho handa. Ho bar ikkje på glaset meir. Det var blanda saman med knuste spegelbitar på golvet. Men det var ein glasbite som mangla. Det var ein bite som ikkje låg saman med dei andre og sørgja over dei to knuste tinga. Det var ein bite som ikkje låg der. Føtene blei ikkje våtare. Kinna blei ikkje fuktigare. Det var kun små raude striper som rann nedover låra hennar, dryppa frå fingertuppane. Dråpane dryppa ned på dei våte føtene. Dei dryppa ned på dei knuste bitane på golvet og dei rann gjennom golvet og ned i jorda. Der stoppa dei. Der stoppa ho. Ho smilte til seg sjølv, i spegelen. Ho lukka augo, opna dei og såg ut i rommet, og ned på føtene. Det var godt og varmt, og ho hadde sokkar på føtene. Ho hadde roser i kinna og håret var børsta. Ho såg seg sjølv i spegelen ein gong til, og så la ho seg ned på det varme golvet, oppå dei knuste, raude glasbitane.

Load more comments

Sign in to FutureMe

or use your email address

Don't know your password? Sign in with an email link instead.

By signing in to FutureMe you agree to the Terms of use.

Create an account

or use your email address

You will receive a confirmation email

By signing in to FutureMe you agree to the Terms of use.

Share this FutureMe letter

Copy the link to your clipboard:

Or share directly via social media:

Why is this inappropriate?